Kva kan du levere?
Alle fritidsbåtar med skroglengde under 15 fot (4,57 meter) og utan innanbords motor. Kajakkar, kanoar og liknande farkostar kan du òg levere til mottaka.
Her kan du levere
Dei næraste leveringsstadane for små fritidsbåtar kring Os kommune er Sund, Espehaugen, Fusa, Møllendalsveien og Samnanger gjenvinningsstasjon. Sjå opningstider på bir.no.
Slik søkjer du om tilskot
1. Last ned dette skjemaet. Skriv ut og fyll inn. Vis skjemaet når du leverer båten til mottaket. Mottaket stemplar skjemaet. Dette fungerer som ei stadfesting på at du har levert båten. Mangelfulle skjema blir ikkje behandla.
2. Gå inn på Miljødirektoratet sine nettsider og følg rettleiinga.
Du må sende inn søknaden mellom 1. januar og 1. desember det året du kasserte båten.