Registrering av ny vassmålar
Os kommune betaler for sjølve vassmålaren, medan du må betala for installasjonen.
Ein godkjent røyrleggjar må utføra arbeidet, fylla ut registreringsskjemaet for installasjon av vassmålar og senda det til Os kommune.
Når registreringa er godkjent, vil vi kunna endra grunnlag for utrekning av vassgebyr.
Faktura for kommunale gebyr (vassgebyr) til deg som har vassmålar
Dersom du har vassmålar, vert du fakturert akonto. Det vil seie at vi sender deg faktura for eit stipulert forbruk. På slutten av året sender du oss målarstanden på vassmålaren, og vi samanliknar det reelle forbruket mot beløpet du har betalt. Dersom du har betalt for mykje i høve til forbruket, får du tilbakebetalt. Dersom du har betalt for lite, må du betale inn meir.
Dersom du nettopp har installert vassmålar, vert akonto-beløpet stipulert på bakgrunn av areal, sidan vi ikkje har tidlegare avlesingar å stipulere ut ifrå. Ved avlesing på slutten av året, vil forbruket bli grunnlag for neste års akonto-utrekning.
Her kan du sjå oversikt over dei ulike gebyrsatsane og ofte stilte spørsmål om kommunale gebyr.
Til røyrleggjarar