Vil du melde frå om eit uregistrert køyretøy på offentleg veg eller parkeringsplass?
Ta kontakt med Os Park eller politiet.
Vi treng følgjande opplysningar:
- Nøyaktig stad der køyretøyet er parkert
- Bilmerke og -farge
- Eventuelt tidlegare kjennemerke eller prøvekjennemerke
- Eventuelt namn på eigar, dersom dette er kjent
- Andre relevante opplysningar
- Ditt namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse
Alle meldingar blir registrerte og alle køyretøy vil bli fjerna.
Etter melding, føretek Os Park synfaring av køyretøyet og parkeringa. Etter at køyretøyet er registrert parkert over 14 dagar, legg vi varsel på køyretøyet med frist for fjerning. Om denne fristen ikkje blir overhalden, tar vi kontakt med borttauingsselskap for å fjerne køyretøyet.
Ver merksam på at det kan ta tid før køyretøyet blir fjerna, avhengig av tilstanden og kor det er parkert. Fjerning av køyretøy som er til skade for omgjevnadene, som hindrar utrykkingskøyretøy eller skaper trafikkfarlege situasjonar, vil bli prioritert.