Her parkerer du i Os sentrum
Besøkande til Os sentrum parkerer gratis på oppmerka plassar, sjå kartet over.
Tidsavgrensinga er markert med eit parkeringsskivesymbol på underskilt til parkeringsskiltet.
Parkering i desse sonene er berre lovleg dersom du har markert tidspunktet for når du parkerte, anten ved hjelp av ei parkeringsskive eller ved å skrive klokkeslettet på ein lapp, og lagt dei godt synleg i frontruta.
Rørslehemma med parkeringskort kan parkere utover maksimal parkeringstid dersom parkeringskortet for rørslehemma er godt synleg i frontruta.
Når parkeringstida går ut, må køyretøyet fjernast frå parkeringsplassen. Gebyr for brot på parkeringsreglane er kr 500,-
Slik brukar du parkeringsskiva
Still inn klokkeslettet for når du parkerte på parkeringsskiva, og legg ho godt synleg i frontruta. Dersom du ikkje har parkeringsskive, kan du skrive klokkeslettet på ein lapp.
Du får gratis parkeringsskiver i butikkane i Os sentrum og i Kommunetorget på Os rådhus.
For spørsmål om parkering i Os sentrum kontakt tekniske tenester på e-post
teknisketenester@os-ho.kommune.no , etter arbeidstid kan du ringe teknisk vakt på telefon: 982 34 440