Avfallshandtering i Os kommune
Bergensområdets interkommunale renovasjonsselskap (BIR) driv avfallshandtering på vegner av Os kommune.
Sjå BIR sine nettsider for tømekalender, oversikt over gjenvinningsstasjonar, pris og annan informasjon.
Kva kostar det?
Renovasjonsprisen avheng av kor mange gonger i året BIR tømer restavfallet ditt. Dersom du reduserer avfallsmengda, går talet på tømingar ned. BIR gir tilskot til tøybleier og innkjøp av kompostbinge.
Avfallshandtering for fritidsbustad
Du kan lese om renovasjonsgebyr for hytte på BIR sine nettsider
Kontakt BIR for å bestille nøkkel.
Publisert avRagnhild Stende Bjaadal
Sist endra06.09.2018 10.23