NAV sosiale tenester/flyktningtenestaDu kan kontakte oss alle dagar på telefon 55 55 33 33 eller på www.nav.no/skrivtiloss (Ditt NAV). Måndag, onsdag og fredag mellom klokka 11 og 14 kan du komme innom, utan å avtale time først. NB! Frå og med 24. juni til og med 16. august 2019 held vi ope mellom klokka 12 og 14. Du kan finne svar på det meste på nav.no. Du kan også chatte med oss, og til dømes få råd om økonomi og gjeld. Tenester og tilbod Skal du søkje sosialhjelp? Då må du logge inn med bank-ID og søkje digitalt. Har du ikkje bank-ID? Då kan du framleis søkje på papir. Kontakt NAV Os, så hjelper vi deg. Økonomisk sosialhjelp: Mellombels inntekt til livsopphald. Kvalifiseringsprogrammet: Opplæring, arbeidstrening og oppfølging slik at du kan kome deg ut i arbeid. Økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving: Hjelp til å handtere gjelda di og få økonomisk rettleiing. Mellombels butilbod: Er du i ein naudssituasjon utan nokon stad å bu, kan NAV hjelpe deg med å finne ein mellombels bustad. Flyktningtenesta: Introduksjonsprogram for flyktningar. Kommunale bustader:Søk om å leige bustad. Opningstid "Drop-in" måndag, onsdag og fredag mellom klokka 11 og 14 (mellom kl. 12 og 14 i veke 26-33). Du kan avtale time alle dagar mellom klokka 10 og 14. Publisert avRagnhild Stende Bjaadal Sist endra24.06.2019 12.29