Vedtekter for skulefritidsordninga i Os kommune

Vedtatt i kommunestyret 20.12.2016. (Endra opningstider trer i kraft frå skuleåret 2017/2018) Sjå heile sak 16/2736 i arkivet.

Lovgrunnlag og prinsipp for drifta

SFO i Os skal drivast ut frå opplæringslova § 13–7. Seinare reguleringar frå departement og Kommunenes sentralforbund skal følgjast opp. Skulefritidsordninga i Os kommune er ein del av dei kommunale barneskulane si verksemd. Drifta skal følgje føringar frå sentrale styresmakter og skal halda dei rammene som er sette i kommunen. Drifta vert finansiert ved kommunale budsjettmidlar og foreldrebetaling. Det er den einskilde skulen som har hovudansvaret for å utvikla og tilby eit godt SFO-tilbod.

SFO er ein del av skulen sitt samla tilbod til brukarane og det er skulen sitt styre som handsamar saker som gjeld SFO-drifta. Rektor har det overordna ansvaret for forvaltning og pedagogisk drift, SFO skal samordnast med skuledrifta elles.

Mål

  • SFO i Os kommune skal vera eit omsorgs- og fritidstilbod og ein trygg stad å vera for alle
  • SFO følgjer skulen sine mål, med særleg vekt på dei kreative og sosiale sidene av elevane si utvikling

Opningstid

Skulefritidsordninga følgjer skuleruta, er open 190 elevdagar.

Opningstid:

  • Felles opningstid for alle kl.07.30 – kl.16.30

Plasstilbod:

  • Heil plass: kl.07.30 – kl.16.30
  • Utvida tilbod, morgon SFO frå kl.07.00 – kl.07.30
    • Det må vere ei gruppe elevar før utvida opningstid blir oppretta. Dette skjer i samråd med kommunalsjef
  • Redusert plass, kun heile dagar. Ein dag = 20% plass
  • Det er mogeleg å kjøpe enkeltdagar etter avtale med skulen

Ferieope

1-2 skular har ferieope SFO tilbod. Det vert krevd ekstra betaling for elevar som nyttar ferieope SFO. Det er påmelding til ferieope SFO. SFO er stengd på planleggingsdagane gjennom skuleåret.

Tilbod om ferieope SFO gjeld:

  • 10 dagar før skulestart i august
  • Haustferie
  • Vinterferie
  • 5 dagar etter skuleslutt i juni

Feriope SFO for barn med særskilde behov:

  • 1.-4.trinn: Primært på ferieope SFO, men Varafjell kan vere eit alternativ om det er det beste for eleven
  • 5.-7.trinn: Varafjell

Opptak

Kommunen skal ha eit tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for 1. – 4. trinn, og for barn med særskilde behov på 1.-7. trinn. Barna har plassen i SFO til dei går ut av 4. trinn eller seier han opp. Søknad om framhald i SFO utover 4. trinn skal handsamast av rektor, i samråd med andre relevante faggrupper i kommunen. SFO har hovudopptak i april, for start i august. Elektronisk søknadsskjema på Os kommune.no. Det er høve til å søkja om plass gjennom heile året.

Foreldrebetaling

Foreldrebetalinga vert fastsett av kommunestyret, og vil normalt verta justert 01.01. kvart år.

Foreldrebetalinga vert kravd for ein månad om gongen, med betalingsfrist i slutten av kvarmånad. Skulefritidsordninga har betaling for 190 dagar, fordelt over 11 rekningar med halv pris for juni og august.

Oppseiing

Oppseiing og reduksjon av plasstype skal gjerast elektronisk på skjema på Os kommune.no.

Oppseiingstid på 2 månadar rekna frå den 1. i månaden etter at oppseiinga er sendt. Ved oppseiing etter 1. april, må det likevel betalast til og med juni månad.

Ved reduksjon av plasstype gjeld same reglar som for oppseiing. Rektor kan seia opp ein elev frå SFO dersom det ikkje vert betalt for plassen.

Bemanning

Etter Opplæringslova og tilhøyrande forskrifter er det ikkje lenger noko fast tal for tilhøvet mellom barn og vaksne. Os kommune tek sikte på ein vaksen per 15 barn.

Lokale vedtekter

Skulen sitt styre kan i spesielle høve, og i samråd med kommunalsjef, vedta lokale vedtekter.

Forsikring

Os kommune har kollektiv ulykkesforsikring for alle born i skule og SFO. Ta kontakt med skulen/SFO for meir informasjon om forsikringsvilkåra.

Os kommune tek atterhald om at folketrygda og forsikringsselskapa gjer eigne vurderingar av dekning i den einskilde sak. Utfyllande og supplerande reglar om dekninga finst i både folketrygdlova og forsikringsavtalen.

Kontakt

Knut Vidar Garlid
Knut Vidar Garlid
rådgjevar
Mobil: 990 03 297