SFO tilbyr 100 % plass (frå kl. 07.30-16.30.), 80 %, 60 % eller 40 % av heil plass. Nokre skular tilbyr utvida tid. 07.00 -07.30
Det er òg mogleg å kjøpe enkeltdag.
SFO har hovudopptak i april for barna som startar på skulen i august, men du kan søkje om plass heile året.
Barnet har plassen i SFO til dei går ut av 4. klasse eller seier han opp. Barn med særskilde behov kan søkje om SFO-plass til og med 7. klasse.
SFO i skuleferiar
Skulefritidsordninga følgjer skuleruta. I feriar er SFO ved éin skule ope, slik at elevar ved dei andre skulane kan nytte dette tilbodet. Det er berre høve til å kjøpe heile veker.
Skulane har eiga påmelding til ferie-SFO. Betaling for ferie-SFO kjem i tillegg til betaling for vanleg SFO.
Sommaren 2019 blir ferie-SFO på Lunde barneskule.
Pris
Prisar for skulefritidsordninga (SFO)
Faktura vert sendt ut kvar månad, med betalingsfrist i slutten av månaden.