Tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne

Kommunen skal sikre at barn med nedsett funksjonsevne får tilfredsstillande utbytte av det ordinære barnehagetilbodet.

Etter barnehagelova (§ 19g) kan føresette søke om individuell tilrettelegging for sitt barn. Dokumentasjon på dei særskilde behova til barnet må leggast ved søknaden.

Kommunen vurderer meldingane om behov som kjem inn, og kan gjere vedtak om tilrettelegging. I behandlinga kjem vi til å hente inn dokumentasjon frå andre instansar som er relevante for barnet.

Om kommunen vedtar å dele ut tilretteleggingstilskot til barnehagen der barnet har plass, er det barnehagen saman med føresette som disponerer midlane slik at barnet får tilfredsstillande utbytte av det ordinære barnehagetilbodet.

 

Send melding om behov til:

Os kommune
v/ Oppvekst og kultur
pb.84
5202 OS

 

Frist for melding

Innmeldingar blir vurdert løpande.