Søke, bytte eller seie opp barnehageplass

Slik søker du om barnehageplass


Søk om barnehageplass/bekreft eksisterande søknad
Bruk det samme skjemaet om du vil søke om bytte av barnehageplass.

Ta kontakt med barnehagane om du har spørsmål om barnehageplass eller plass på venteliste.
Sjå oversikt over barnehagar med ledig kapasitet.
 

Kontaktperson for kommunale barnehagar i Bjørnafjorden kommune er Irene Kvåle Foer. E-post: irene.k.foer@fusa.kommune.no, telefon 56 58 01 94. Foer er kontaktperson for kommunale barnehagar i Os kommune frå 3. desember 2019 og ut året.  

 

Slik seier du opp barnehageplass

Kommunale barnehagar

Oppseiingstida er to månader, rekna frå den første i månaden etter at styrar har mottatt oppseiinga.
Dersom du seier opp etter 1. april, må du betale ut juni månad.

Bruk dette skjemaet for å seie opp (PDF, 30 kB) eller ta kontakt med styrar/einingsleiar i barnehagen. Oppseiinga må skje skriftleg.

Private barnehagar

Dei private barnehagane har eigne vedtekter som omhandlar oppseiing. Oppseiingstida varierer frå barnehage til barnehage.

Les kva som står om oppseiing i vedtektene til din barnehage eller ta kontakt med styrar/einingsleiar i barnehagen for meir informasjon. Oppseiinga må skje skriftleg.

 

Sjå barnehagar med ledig plass.