Veit du at du har betalt for lite skatt? Då kan du betala tilleggsforskot og slik unngå rentetillegg på restskatten. Frist for å betala er 1. juni.
Rentesatsar på tilgodebeløp, restskatt og resterande skatt (Skatteetaten)
Kontonummer: 6345.06.12431
IBAN: NO45 0612 431
BIC/SWIFT: NDEANOKK
Kontonummer 6345.06.12237
IBAN: NO45 6345 0612 237
Kontonummer: 6345.07.12444
IBAN: NO77 6345 0712 444
Du kan få laga eit KID-nummer hos Skatteetaten.
Vel skatteart tilleggsforskot og det året skatten gjeld for. Dette er viktig for at betalinga skal registrerast rett.
Dersom du betaler frå eit utanlandsk kontonummer: Legg inn kontonummeret du skal betala til på Nordea Bank si nettside, og få generert IBAN-nummer og SWIFT-kode.
Det kan henda at tilleggsforskot du har betalt inn ikkje blir godkjent. Årsaken kan vera at du har betalt etter fristen 1. juni, eller at du har brukt feil KID-nummer eller kontonummer. I slike tilfelle kan du få tilbakebetalt beløpet før skatteoppgjeret. Beløpet kan òg bli brukt til å betala forskot på restskatt.
Kontakt Kemnaren dersom du vil klaga på tilleggsforskot som ikkje er godkjent.