Dersom du skuldar pengar til det offentlege, kan skattepengar du har til gode bli brukte til å betala ned på det du skuldar. Dette blir kalla motrekning.
Dersom du etter motrekning framleis har pengar til gode, får du dei utbetalt. Du får ei oversikt som syner kva pengane har blitt brukt til. Det kan ta nokre veker frå skatteoppgjeret er sendt ut til saka di er ferdig handsama.
Ta kontakt med Kemnarkontoret.