Forskotsskatten vert rekna ut på grunnlag av dei siste likningsopplysningane eller forventa overskot. Grunnlaget for forskotsskatten finn du på skattetrekksmeldinga di.
Betaling av forskotsskatt
Du får tilsendt betalingsgiro fire gonger i året. Forfallsdatoane er dei same kvart år:
- 15. mars
- 15. mai
- 15. september
- 15. november
Dersom du ikkje betaler ein termin ved forfall, vil du måtta betala heile skatten ved forfall.
Sjølv om du ikkje har mottatt betalingsgiro, skal du likevel betala innan forfallsdatoen.
Betal til:
Kemnaren i Os kommune:
Skatteoppkrevjaren i Tysnes kommune:
Skatteoppkrevjaren i Austevoll kommune:
Du kan få laga eit KID-nummer hos Skatteetaten.
Vel skatteart forskotsskatt og det året skatten gjeld for. Dette er viktig for at betalinga skal registrerast rett.
Dersom du betaler frå eit utanlandsk kontonummer: Legg inn kontonummeret du skal betala til på Nordea Bank si nettside, og få generert IBAN-nummer og SWIFT-kode.
Tilleggsforskot
Dersom skatten vert større enn beløpet du har betalt i forskotsskatt, kan du betala tillleggsforskot innan 31. mai. Då slepp du rentetillegg på restskatten.
For sein betaling
Dersom du betaler for seint, må du betala heile forskotsskatten på ein gong. Forseinkingsrenter kjem i tillegg. Renter løper frå forfall og fram til du betaler.
Dersom du ikkje betaler, har Kemnaren plikt til å forsøkja å få dekt kravet ved tvang.
Verkemidla er:
Gebyr og/eller betalingsmerknad kan koma i tillegg.
Endra forskotsskatt
Dersom frådraga/inntektene dine er endra eller forskotsskatten er feil, kan du søkja Skatteetaten om endring.
Dersom du har betalt forskotsskatt som seinare vert sett ned slik at forskotsskatten fell bort, får du beløpet tilbake utan rentegodtgjering.
Dersom du ikkje kan betala
Forskotsskatten skal betalast til forfall. Dette gjeld sjølv om du har søkt om å endra skatten, men ikkje fått svar på søknaden. Utsetjing av betaling av skatt eller andre betalingsordningar, vert berre unntaksvis innvilga.
Les meir om betalingsvanskar.