Ditt ansvar som arbeidsgivarSom arbeidsgivar har du eit ekstra ansvar for forhold knytt til dine tilsette, som skattetrekk, arbeidsgivaravgift og innrapportering på a-meldinga.A-meldingaKva skal du rapportere i a-meldinga og korleis?Generell informasjon om arbeidsgivarplikteneInformasjon om lønsopplysingsplikt, plikt til å foreta forskotstrekk og utrekning av arbeidsgivaravgift finn du på skatteetaten.no.Kurs for arbeidsgivararSkatteetaten arrangerer gratis kurs for nye næringsdrivande. Sjå Skatteetaten for meir informasjon og kurskalender.Idrettslag og ideelle organisasjonarIdrettslag og ideelle organisasjonar går gjerne under nemninga «ikkje skattepliktig». Føresetnaden er at dei ikkje har som formål å tene pengar. Likevel har laget/organisasjonen plikter som arbeidsgivar. Les meir i denne miniguiden - Idrettslag og ideelle organisasjonar, plikter som arbeidsgivar (PDF, 193 kB) Publisert avRagnhild Stende Bjaadal Sist endra24.03.2017 09.32