Klipte nettverkskabelen for Bjørnefjorden gründerpark

Ordførar Marie Bruarøy klipte nettverkskabelen for Bjørnefjorden gründerpark, og innvia han dermed. - Klikk for stort bileteOrdførar Marie Bruarøy klipte nettverkskabelen for Bjørnefjorden gründerpark og innvigde han dermed. Erlend A. Lorentzen / Os kommune Den 9. februar kunne næringssjef Daniel Skotheim og ordførar Marie Bruarøy (H) endeleg opne dørene til det nye kontorlandskapet Bjørnefjorden gründerpark i Os. – Møtestader er nøkkelen, sa Skotheim.

Bjørnefjorden gründerpark er eit klekkjeri for gode næringsidear i heile regionen.  Lokala ligg smøraugesentralt over Sparebanken Vest i Os sentrum. Det er for gründerar, nystarta bedrifter, pendlarar og andre som ikkje er avhengige av eit lukka kontor. Her skal dei dra veksel på andre som også vil utvikle eigne idear.

Næringsjef Skotheim måtte få hjelp frå ordførar Bruarøy, William Lindborg (Os sentrumsforening) og Fredrik Seliussen (Lyseparken) til å montere møblane i spurttempo for å få alt klart til opninga. Kuskinn og grøne plantar set prikkane over u-en.

– Snakk med kvarandre... og andre

– Dette er først og fremst ein møtestad. Eg vil at alle som er her i dag, skal snakke med nokon dei aldri har snakka med før, oppmoda Daniel Skotheim på opninga.

– Eg vil følge opp dette og be dykk snakke om staden til andre som ikkje var her i dag, sa Marie Bruarøy til alle dei oppmøtte, som mellom anna var gründerar, folk frå kommunen, Nav, Innovasjon Norge og næringslivet.

Musikalsk gründer Simen Moesgård spilte to songar frå den kommande plata si mens dei nyvakna gjestane fekk smake fersk lokalmat frå den nye oppstartsbedriften Osøyro kolonial. Bergen Teknologioverføring knuste nokre myter om at gründerar treng vere hipsterar i rutete skjorter eller business-sleikar, og Hans Fredrik Hag fortalde om Nyskapingsparken i Bergen og dei moglegheitene og møtestadane som finst i regionen vår.

Gründerane kjem

Dei første gründerane er på plass: LEAN Konseptutvikling AS utviklar ByggemAppen, ein digital plattform for kommunikasjon og dokumentasjon for byggebransjen. ByggemAppen har spesialdesigna og intuitivt brukargrensesnitt og er støtta av Innovasjon Noreg og Connect Vest.

Green Omega, som sel omega-3, har også signert leigekontrakt. Fleire har meldt si interesse.

Er du interessert i å leige kontorplass i det som vil bli eit stimulerande miljø med møterom, kjøkken, rask internettilgang og FLOTT utsikt mot Bjørnefjorden? Kontakt næringssjef Daniel Skotheim! (dask@os-ho.kommune.no)

Leigetakar betaler 2.490,- (eks. mva.) per månad per person.