Du kan delta i opne møte
Alle møte i kommunestyret, formannskapet og dei ulike politiske utvala er opne for publikum, med unntak av møta i Klagenemnda.
Les ei kjapp innføring i korleis eit møte verkar.
Her er møteplanen for utvala i Os kommune. Klikk på møtet for å få opp meir informasjon om kva saker som skal opp på det aktuelle møtet.
Du kan fremje innbyggjarinitiativ
Innbyggjarinitiativ eller innbyggjarforslag betyr at du som innbyggjar i Os kommune kan setje tema du er oppteken av på den politiske dagsorden.
Innbyggjarinitiativ skal vere eit verkemiddel for å fremje nye saker, ikkje for å ta avgjorte saker opp på nytt.
Dersom du fremjer eit forslag, er kommunestyret forplikta til å behandle det innan seks månader.
Slik går du fram for å sende eit innbyggjarinitiativ:
- Skriv tydeleg kva forslaget handlar om. Forslaget kan berre behandlast éin gong i løpet av ein valperiode.
- Skaff minst 300 underskrifter frå personar som støtter forslaget. Underskriftene må innehalde fullt namn og adresse.
- Du kan bruke nettportalen minsak.no til å føreslå saker og samle underskrifter.
Du kan ta direkte kontakt med politikarar
Ring eller send e-post til ein politikar eller utvalsleiar.
Telefonnummer og e-postadresse til folkevalde i Os kommune i perioden 2015-2019