Terje Søviknes er oppvaksen på Søvikneset i Lysefjorden i Os.
Han er utdanna akvaingeniør frå Bergen ingeniørhøgskule og økonom frå Noregs handelshøgskule. I tillegg var han ein av dei først sjarkfiskarane som starta fiske av leppefisk til oppdrettsnæringa.
Søviknes viste tidleg interesse for politikk, og engasjerte seg i Fremskrittspartiet allereie som elev ved Os gymnas i 1985.
Sidan 1999 har han vore heiltidsengasjert i politikken som ordførar i Os kommune og fylkespolitikar i Hordaland fylkesting. I perioden 1997-2001 var han også 1. vararepresentant til Stortinget for Hordaland Frp.
Frp og Høgre har samarbeidd i ein fleirtalskoalisjon dei siste fire valperiodane i Os kommune.
Marie E. Bruarøy (H) er vald som varaordførar.
Ordføraren har i følgje kommunelova som oppgåve å leia møta i formannskap og kommunestyre.
Han har i tillegg møte- og talerett i alle andre kommunale organ, men berre røyste- og forslagsrett dersom han er vald medlem. Det er ordføraren som er rettsleg representant for kommunen og skriv under på kommunen sine vegner dersom ikkje mynde er delegert til andre.
Facebook: www.facebook.com/t.soviknes