Klarlegging av grenser som ikkje tidlegare er koordinatfesta
-
Du får oppmålt og koordinatfesta eksisterande grenser.
-
Klarlagt grense blir registrert i eigedomsregisteret (matrikkelen).
-
Du får tilsendt oppdatert matrikkelbrev.
Klarlegging av grense som frå før er koordinatfesta
-
Du får påvist grensepunkta du har søkt om.
Slik søkjer du
-
Fyll ut søknadsskjema for deling og rekvisisjon av oppmålingsforretning (PDF, 405 kB)
-
Legg ved situasjonskart som tydeleg viser kva søknaden gjeld. Kart finn du i vår kartbutikk.
NB: Kartet må vere av ny dato og i målestokk 1:500 (1:1000 for store tiltak), samt vere påført rutenett med koordinatar. Dersom kartet ikkje er i rett målestokk, vil søknaden bli returnert utan behandling.
Send søknaden til
-
Os kommune, pb. 84, 5202 Os eller lever i Kommunetorget.
For å oppfylle Kartverket sitt krav til tinglysing, treng vi dei originale, signerte dokumenta. Skanna dokument tilsendt på e-post vil diverre ikkje bli godkjente.
Kva kostar det?
Sjå prisar for oppmåling og registrering av eigedom (matrikulering)