Denne veka vil ca. 8000 husstandar som bur i eller har flytta frå kommunane Os, Fjell, Lindås og Meland få ein SMS med spørsmål om å delta i ei undersøking om bustads- og bumiljøpreferansar. Undersøkinga skal gje kommunane meir kunnskap om korleis barne- og ungdomsfamiliar ynskjer å bu, og kor attraktivt det er eller vil vera for slike hushald å bu i, eller tett på regionsentera Straume, Osøyro eller Knarvik m/asken mot Frekkhaug.