Utforming av tiltak og visuelle kvalitetar


Plan- og bygningslova


Kommunen skal sjå til at eit kvart tiltak som er omfatta av lovverket, ikkje er i strid med lova. Dette gjeld også for tiltaket si utforming og visuelle kvalitetar.

Plan- og bygningslova kapittel 29 gjev ei rekke krav til tiltaket, irekna det som tidlegare vart kalla «skjønnhetsparagrafen».

Desse reglane skal sikra at nye tiltak har gode nok kvalitetar når det gjeld utsjånad og reint funksjonelt.

Det er ikkje lagt opp til eit «skjønnhetsomgrep» - lovgjevar har lagt opp til at ein skal føreta ei heilskapleg vurdering av tiltaket ut frå dei omsyn det er rimeleg å ta, til dei estetiske og funksjonelle tilhøva i den aktuelle situasjonen på staden.


Kva betyr dette i praksis?

I praksis betyr dette at ein i nokre tilhøve blir nøydd til å endra på tiltaket. Endringa kan t.d. vera å dempa storleiken eller endra på utsjånaden for å tilpassa bygget til eksisterande bygningsmasse på eller i nærleiken av tomta eller i høve tilomgjevnadene.

Det kan i nokre tilhøve vera bestemt at opphavleg bygning eller andre bygningar i nærmiljøet skal takast vare på best mulig som dei står (bevaringsregulert).

Bygningen kan også vera klassifisert til å ha antikvarisk verdi av byantikvaren. Dette må ein ta omsyn til ved planlegging av nye tiltak.

Kommunen kan avslå tiltak som ikkje synest å ivareta god arkitektonisk utforming eller gode visuelle kvalitetar. Eit slikt avslag vil alltid vera grunngjeve.


Førehandskonferanse

Viss du er i tvil om tiltaket er tilfredstillande i høve utforming og visuelle kvalitetar, er det mogleg å be om eit møte med ein sakshandsamar (førehandskonferanse) før du sender inn byggjesøknaden.

Sakshandsamar vil kunna rettleia i høve estetikken, men vil ikkje kunna «førehandsgodkjenna» tiltaket.

 

Arealdelen til kommuneplanen


Arealdelen til kommuneplan § 3.7.6 Estetikk seier følgjande:

Når det gjeld estetiske omsyn i arealdelen til kommuneplanen, er det plasseringa av byggeområda i høve til landskap og estetiske kvalitetar som er det sentrale elementet. Utforminga av utbygginga er sjølvsagt også svært viktig, men dette må ivaretakast på meir detaljerte plannivå. Det må sikrast saksbehandlingsreglar som stettar dette, både for det faste utval for plansaker og for administrasjonen. Viktige estetiske omsyn i arealdelen for Os vert såleis å legge opp til at utbygginga i størst mogleg grad tilpassar seg landskapet og viktige landskapskvalitetar. Generelt vert det lagt opp til at natur og vegetasjon må harmonere med inntrykk av utbygging, og ein må vera varsam med å bryta silhuettane. Det skal visast stor grad av varsemd når ein planlegg bygg og anlegg som er plassert i eller nær strandsona, og som ligg synleg langt utover sjøen. Retningslinjene legg føringar for framtidig utbygging når det gjeld til dømes å unngå høge murar, krav om visualisering av tiltaks innverknad på landskap og omgjevnader.