Tilsyn

Byggjesak i Os kommune fører tilsyn med at Plan- og bygningslova (PBL) blir følgd. Tilsynet fokuserer både på føretaka og på ulovleg bygging.

Målet for tilsynet er at innbyggjarane i Os kommune får trygge og gode bygg som følgjer løyvet som er gjeve og oppfyller tekniske krav.

I 2013 fokuserer tilsynet på:

  • handtering av avfall og skildring av miljøsanering
  • FDV- dokumentasjon
  • innmåling og plassering av tiltaket
  • branntryggleik

FDV-dokumentasjon

Tilsynet med dokumentasjon for forvaltning, drift og vedlikehald (FDV-dokumentasjon) vert gjennomført i alle saker med ansvarleg føretak. Vi ber om at kvittering på overlevering av FDV-dokumentasjon vert send inn saman med søknad om ferdigattest.

Branntryggleik:

Vi ber om at brannteknisk prosjektering vert send inn saman med søknad om igangsettingsløyve i alle søknader der tiltaket gjeld forsamlingslokale og offentlege bygg.