Tidsfristar

Tidsfristar for saksbehandling heng saman med fleire tilhøve, mellom anna om tiltaket medfører dispensasjon, om det ligg føre merknadar frå naboar og om det er naudsynt å henta inn uttale frå andre mynde.
Konsekvensar ved å ikkje halda fristane varierer også etter type sak.

Sjå elles tabellen under:

Tidsfristar for kommunal saksbehandling

Type sak

Tidsfrist

Vilkår

Konsekvens ved å ikkje overhalda fristen

Rammeløyve og endring av rammeløyve

12 veker

Ikkje dispensasjon frå plan

Bortfall av gebyr: 25% pr. påbyrja veke

Eit-trinns søknadshandsaming

12 veker

Ikkje dispensasjon frå plan

Gebyrbortfall: 25% pr. begynte veke

3 veker

- Tiltaket er i samsvar med reglar gjevne i eller med heimel i lova, dvs. ingen dispensasjon

- Det er ikkje merknader frå naboar eller tverrbuarar (ikkje aktuelt for saker etter § 20-2)

- Ytterlegare løyve, samtykkje eller uttale frå anna mynde er ikkje naudsynt

Løyve vert sett på som gjeve.

Saker etter § 20-2: ingen.

Igangsettingsløyve:

3 veker

 

Ingen

Ferdigattest:

3 veker

Naudsynt dokumentasjon er mottteke

Byggverket kan takast i bruk

Mellombels bruksløyve

3 veker

 

Ingen

Førehandskonferanse:

2 veker

Tilstrekkelege opplysningar er mottekne

Ingen

Førespurnad:

Utan ugrunna opphald (normalt 3 verker)

 

Ingen, sjå forvaltningslova

Klage:

8 veker

 

Ingen

Klagesak der det er gjeve utsett iverksetting

6 veker

 

Ingen

Frå kva tid startar fristen å gjelda?

Tidspunktet for når fristen for  sakshandsaming startar kjem an på om søknaden inneheld «grunnleggjande manglar» eller «mindre feil og manglar».

Grunnleggjande manglar

Fristen startar når søknaden er fullstendig.
Ein grunnleggjande mangel er ein naudsynt opplysning som manglar for at kommunen kan ta stilling til tiltaket. Kva som er ein naudsynt opplysning vil naturleg nok variera frå sak til sak.

Mindre feil eller manglar

Ved mindre feil eller manglar startar fristen når kommunen mottek søknaden.
Ein mindre fei l /mangel er ikkje til hinder for at kommunen kan ta stilling til tiltaket. Han må likevel bli retta før kommunen kan fatta eit vedtak.

Eitt-trinns søknadshandsaming

Kommunen kan, viss søkjar ønskjer det, i staden gjera vedtak om rammeløyve viss dette inneber at søknaden blir fullstendig / komplett. Søknaden må deretter kompletterast før kommunen gjev igangsettingsløyve.