Slik søkjer du


Førearbeid

  1. Sjekk om du må søkja, om du kan søkja sjølv, eller om du må ha hjelp av fagfolk
     
  2. Sjekk planar og føresegner for din eigedom.
    Før du byggjer, riv eller endrar, må du sjekka kva planar og føresegner som gjeld for eigedomen din. Desse er avgjerande for kva du kan gjera av endringar og kva du kan bruka bygget å eigedomen din til. Sjå kommunen sitt arkiv for reguleringsplanar.
     
  3. Skriv ut basiskart, og teikn byggjetiltaket inn på dette kartet
     
  4. Bestill naboliste
     
  5. Send ut nabovarsel basert på motteken naboliste. Det er søkjar sitt ansvar at alle som skal ha varsel, er blitt varsla. Be eventuelt om ny naboliste dersom nokre av partane skulle mangla. Kommunen kan påleggja ytterlegare varsling. Naboane skal senda sine merknader enten til kommunen eller deg, slik at du kan kommentera dei før alt vert sendt samla til kommunen.
    Skjema for nabovarsel
    Rettleiing

Send til kommunen:

  • Søknadsskjema
  • Gjenpart av nabovarsel
  • Evt. merknader frå naboar, med dine kommentarar
  • Ev. søknad om dispensasjon
  • Målsett situasjonsplan i målestokk 1:500 (1:1000 for store tiltak), altså tiltaket ditt teikna inn på kartet du fekk frå kommunen. For nokre tiltak held det med kartutsnitt, dette vil i så fall gå fram av rettleiinga.
  • Teikningar av tiltaket, plan, snittog fasade i målestokk 1:100
  • Terrengprofilar

Søknadsskjema og rettleiingar