Riving

Dette krev søknad frå kvalifisert føretak:

Riving av bygning, konstruksjon eller anlegg er søknadspliktig, og søknaden skal vera utarbeidd av ein ansvarleg søkjar som skal bli godkjend av kommunen.

Kommunen kan avslå søknad om riving inntil det ligg føre reguleringsplan for eigedomen. Det kan i tillegg også bli kravd igangsettingsløyve for tiltak før rivingsløyve blir gjeve.

Dette skuldast hovudsak at ein ynskjer å unngå at enkelteigedomar blir ståande ubygde som sår i fasaderekkja i byområde. Dei same omsyna gjer seg til vanleg  ikkje gjeldande i bustadstrøk med småhus.

Finn føretak med sentral godkjenning i søketenesta til Direktoratet for byggkvalitet.

Plikt til avfallsplan:

Merk at det skal vera utarbeida avfallsplan og skildring av miljøsanering ved riving og rehabilitering av bygningar over 100 m2, sjå også rettleiar for publikum.

Dette er unnateke søknadsplikt:

Byggjesakforskrifta (SAK 10), § 4 -1, lister opp ei rekkje tiltak som er unnateke søknadsplikt når det gjeld riving. Føresetnaden er at riving eller fjerning ikkje er i strid med andre reglar i Plan- og bygningslova, der under plan.

Døme:

  • Mindre frittliggjande bygning som ikkje er nytta til bustad, og der korkje bruksareal eller bygd areal er over 15 m².
  • Riving av ikkje berande veggar innafor ei branncelle eller eit lydområde.

Generelt:

  • Søkjar skal varsla dei som har pengehefte i eigedomen.
  • Dersom arbeidet krev at veggrunn blir sperra eller blir gravd opp, må søkjaren henta inn samtykkje frå rett mynde. Du kan kontakta Os kommune v/Teknisk drift og / eller politi om du har spørsmål kring dette.
  • Søkjar må og sjå til at eigarar av kablar, leidningar og røyr som vert rørt av tiltaket, får melding, slik at desse blir sikra, stengde eller fjerna på forsvarleg måte.
  • Riving påverkar gjerne omgjevnadane negativt gjennom støy, støv, vibrasjonar, anleggstrafikk osb. Det er viktig at desse ulempene blir reduserte til eit minimum.