Nabovarsel

Ved søknad om løyve til tiltak skal ein som utgangspunkt senda nabovarsel til naboar og gjenbuarar, med mindre dei skriftlig har varsla at dei ikkje har noko å merka til søknaden.

Det er likevel ikkje naudsynt med nabovarsel når tiltaket ikkje, eller i liten grad, får følgjer for eller påverkar nabo sine interesser.

Døme på dette er tilfelle der du skal gjera innvendige arbeid i bustaden din, som t.d. arbeid i våtrom, bruksendring av kjellarrom til kjellarstove og liknande.  Det same gjeld når tiltaket ikkje er synleg på grunn av avstand eller andre fysiske tilhøve ved tomta og bygningsmassen.

Kven skal ha nabovarsel?

  • Naboar:
    Heimelshavarer til eigedomar som grenser til eigedomen som det skal byggjast på.
  • Gjenbuarar:
    Heimelshavarer til eigedomar som er fysisk skilde frå eigedomen det skal byggjast på med gate, veg, elv eller anna areal.

Eigar har krav på varsel anten tomta er bygd på eller ikkje. I tillegg kan kommunen krevja at andre vert varsla. Dette føreset likevel at tiltaket får følgjer for vedkomande sine interesser.

Dersom han som skal ha varsel er død og skifte ikkje er gjennomført, må tiltakshavar ta kontakt med skifteretten for å finna ut kven som representerer dødsbuet. Det er representant for dødsbuet som skal ha varsel i dette tilfelle.

Naudsynt informasjon skal følgja med varselet og vera tilgjengeleg for nabo og gjenbuar. Nabovarselet skal gje ei dekkande skildring av / forklaring på kva som skal byggjast og kor bygget skal plasserast. Det skal også gå fram om tiltaket krev dispensasjon.

Sameige

Tiltak innan eit sameige eller burettslag:

Styret skal ha varsel og gje skriftleg samtykkje til tiltaket før søknad vert sendt til kommunen. Dette gjeld også ved innvendige arbeid som påverkar andre bueiningar i sameiget eller burettslaget.

Døme på slikt innvendig arbeid kan vera søknadspliktige tiltak i brannskilje som golv, veggar, tak eller røyrarbeid.

Tiltak på annan eigedom:

Sameigestyret skal ha nabovarsel. Det er ikkje naudsynt med nabovarsel til alle sameigarane.

Det er ikkje naudsynt å sende nabovarsel til alle sameigarane, men vi tilrår at andre sameigarar vert varsla dersom tiltaket går ut over desse på noko vis, også i form av støy.

Festeeining:

Vedkomande som festar ein naboeigedom, har same status som grunneigar eller heimelshavar til naboeigedomen og skal ha nabovarsel på lik line som desse.

Andre festarar og eigarar til eigedomen som det skal bli gjennomført eit søknadspliktig tiltak på, har ikkje krav på nabovarsel. Det kan likevel vera privatrettslege høve (kontrakt) som tilseier at festar og eigar skal få varsel.

Riving:

Gjeld søknaden riving, skal søkjaren varsla og dokumentera at dei som eventuelt har pengehefte i eigedomen, er varsla om søknaden.

Naboliste:

Ta kontakt med Kommunetorget i kommunen eller bestill via Kartbutikken naboliste som viser kven som normalt skal ha varsel ved tiltak på aktuelle eigedomar.

Denne lista er ikkje alltid fullstendig, då det kan vera tilhøve som gjer at andre og skal ha varsel.

Meir informasjon finn du hos Direktoratet for byggkvalitet.