Nabogrense - avstand

Regelen om byggverket sin avstand til nabogrense følgjer av Plan- og bygningslova, § 29-4
Regelen gjeld for alle tiltak etter Plan- og bygningslova, ikkje berre bygningar.

 

Avstand

  • Avstanden skal vera minst halvparten av byggverket si høgde og ikkje under 4 meter.
     
  • Kommunen kan godkjenna at byggverket blir plassert nærare grensa enn 4 meter eller i grense..
    1 ..  når eigar (festar) av naboeigedomen har gjeve skriftleg samtykkje
    2 ..  ved oppføring av garasje, uthus og liknande mindre tiltak.


Mindre tiltak

«Mindre tiltak» i denne samanheng er frittliggjande bygningar der korkje bruksareal eller bygd areal er over 50 m². Det same gjeld for andre mindre tiltak som ikkje kan målast etter «Norsk Standard NS 3940 Areal og volumberekninger av bygninger», jf. Byggteknisk forskrift § 6-4.