Må eg søkja?

Den 1. juli 2015 kom ei ny og forenkla plan- og bygningslov. Finn ut om du må søkja om ditt byggjetiltak. 

Forenklinga medfører m.a. at fleire tiltak enn før blir unnateke søknadsplikt, men lova gjev deg også større ansvar. Det er ikkje berre storleik på tiltaket og avstand til nabo som må klargjerast før du set i gang.

Rettleiing

Hugs å varsla naboen!

Sjølv om tiltak er unnateke søknadsplikt, og såleis ikkje treng varslast etter plan- og bygningslova, skal nabo ha varsel etter §6 i nabolova

Skal du byggja nær kommunale vassleidningar og/eller kommunal veg?

Det er i utgangspunktet ikkje tillate å byggja nærare enn fire meter frå offentlege vass- og avløpsanlegg, og minimum 15 meter frå kommunal veg (sjå punkt 3.4 i Standard abonnementsvilkår for vatn og avløp (PDF, 869 kB) (PDF, 869 kB) og §29 i Veglova

Søknad om dispensasjon etter plan- og bygningslova § 19.1 (Link manglar - Det er ikkje vist til denne paragrafen i teksten)

Hugs å å melda frå til kommunen når bygget er ferdig, slik at vi kan føra det inn i kartet.

Direktoratet for byggkvalitet: Bygg uten å søke