Lovbrot - oppfølging

Alle kan melda frå til kommunen om lovbrot etter plan- og bygningslova. Byggjesak vil følgja opp slike meldingar etter prioriteringar som er vedtekne av kommunestyret. Saker innafor prioriteringslista vil difor få høgast prioritet, medan saker som gjeld andre tilhøve, vil bli handtert etter kapasiteten elles.

Det er ingen frist for forelding når det gjeld ulovlege tiltak. Det har heller ikkje noko å seia om  det ulovlege tiltaket er føreteke av tidlegare eigar.

Oppfølging av saker som gjeld brot på plan- og bygningslova er ei sak mellom kommunen og den ansvarlege. Meldar kan difor ikkje rekna med å bli halden orientert i saka, og må eventuelt følgja framdrift i saka via offentleg journal.

Kva er eit brot på plan- og bygningslova ?

Dersom det er utført eit tiltak som krev løyve etter lova, utan førehandsgodkjenning gjennom søknadsprosess, er dette eit brot på plan- og bygningslova. Vurderinga er objektiv og stiller ikkje krav til skuld.

Saksgang i saker om ulovleg bygg

Når tilsynsavdelinga ved Byggjesak mottar melding om eit lovbrot, vil vi vurdera om det melde tilhøvet er dekka av plan- og bygningslova og om det utgjer eit mogleg lovbrot.

Førehandsvarsel

Eigar av eigedomen som tiltaket er utført på, og eventuelle andre som er ansvarlege for eit eventuelt lovbrot, vil få eit førehandsvarsel. Meininga med førehandsvarselet er todelt:

  • Det skal informere om kva opplysningar kommunen har og kva følgjer eit eventuelt lovbrot kan få (dette kan vera pålegg om retting / riving / opphør av bruk, førelegg, tvangsmulkt og politimelding).
     
  • For det andre skal det gjera det mogleg for adressaten å uttala seg, og om mogleg søkja om ettergodkjenning, før kommunen avgjer kva følgjer saka skal få.

Byggjesak tar stilling til om tiltaket er eit lovbrot

Byggjesak vil deretter ta stilling til om tiltaket skulle ha vore søkt om på førehand.

  • Dersom ein har bygd noko som ein skulle ha søkt om først, eller som ein ikkje har fått godkjent, har ein brote plan og bygningslova.
     
  • Dersom det etter tilbakemelding frå den ansvarlege, viser seg at det likevel ikkje er utført tiltak i strid med plan- og bygningslova, vil saka bli avslutta. (Denne avgjerda er ikkje eit enkeltvedtak og kan ikkje klagast på).
     
  • Dersom Byggjesak vurderer at tiltaket utgjer eit brot på plan- og bygningslova, men kan bli lovleg gjennom ein søknadsprosess, vil den ansvarlege få høve til å søkja (ettergodkjenning).
    Søknaden blir då handsama som om tiltaket ikkje allereie har blitt utført. Dette inneber at søknaden blir handsama på lik line med andre søknader om same type tiltak. Det får også den konsekvens at søknaden vert handsama etter dei reglar og planar som gjeld i dag.

Oppfølging av lovbrot:

Dersom tiltaket ikkje blir godkjent, må det følgjast opp etter reglane i plan- og bygningslova om ulovleg bygg.  (PBL) kapittel 32. Kommunen vil då vurdera å gjera vedtak om dei konsekvensar som var melde i førehandsvarselet. Ei slik avgjerd er eit enkeltvedtak og kan klagast på.

Gebyr for lovbrot:

Dersom eit lovbrot er gjort forsettleg eller aktlaust, kan Byggjesak gje lovbrytaren eit gebyr for lovbrotet. Satsane for desse gebyra går fram av byggjesakforskrifta (SAK 10) kapittel 16. Dersom det er aktuelt å gje gebyr for lovbrot, vil det bli informert særskilt om dette i eige varsel.