LNF-område


I landbruks-, natur-, og friluftsområde (LNF-område) er det bare tillate med tiltak som er knytta til stadbunden næring / nødvendig for drift av landbrukseigendom. Dette vil vere ulike typar driftsbygningar og naudsynte bustader knytte til landbruksdrifta.
 

Dispensasjon

Tiltak for nye bygningar, tilbygg, eller bruksendringar av bygningar / delar av bygningar, til andre formål enn landbruksverksemd, vil i slike område krevja at det vert gjeve dispensasjon frå reglane i kommuneplanen sin arealdel.

 

Kva tiltak kan ein rekna med å få godkjent der det er oppført bustad / fritidsbustad i dag:


Mindre tiltak på bebygd eigedom er tillate, utanfor den funksjonelle strandsona.

Mindre tiltak er garasje, uthus og mindre påbygg på bustad og tiltak som er i samsvar med Plan og bygningslova (PBL) §§§ 20-1, 20-2 og 20-3, samt vass- og kloakkanlegg.

Område lenger vekk enn 25 meter frå bustadhuset er ikkje å rekna som ein naturleg del av tunet.