Energikrav

 

Krav til energieffektivitet og energiforsyning

Energikrava gjeld berre det omsøkte tiltaket. Derfor vil energikrava ikkje gjelde for eksisterande bygning når ein søkjer om påbygg/tilbygg, men berre den nye delen av bygningen.

Ved bruksendring i eksisterande bygning gjeld energikravet for det arealet som vert bruksendra; til dømes vil ei bruksendring frå ikkje innreia loft til loftstove utløysa energikrava for det arealet som gjeld loftstova.

I medhald av plan- og bygningslova kan kommunen gje løyve til bruksendring og naudsynt ombygging og rehabilitering av eksisterande byggverk når det ikkje er mogeleg å tilfredstilla krava i byggteknisk forskrift. Kommunen avgjer i kvart tilfelle om ein skal godta dårlegare løysingar enn det byggteknisk forskrift seier, og kan stilla vilkår i løyvet.

Dokumentasjon

Krava til energieffektivitet i byggteknisk forskrift kan dokumenterast på to måtar:

  1. Energitiltaksmetoden (TEK 10, § 14-3)
    Denne inneheld standardverdiar for kvar enkelt bygningsdel. Dersom nokre verdiar er dårlegare enn den oppgjevne verdien, må det kompenserast for dette på andre område. Ei slik omfordeling må ikkje føra til at energibehovet blir auka, eller at ein går over minstekravet i TEK 10 § 14-5.
     
  2. Energirammemetoden (TEK 10, §14-4)
    Denne stiller krav til det samla netto energibehovet (energiramma). Ved val av denne metoden vil prosjekteringa normalt bli plassert i tiltaksklasse 2 eller 3. For tiltaksklasse 3 vil det normalt bli stilt krav om sjølvstyrt kontroll.

TEK 10 § 14-7 stiller krav til energiforsyning. Bygningar skal i utgangspunktet bli prosjekterte og utførte slik at 40 % eller 60 % (det kjem an på storleiken) av netto varmebehov kan bli dekt med anna energiforsyning enn direkteverkande elektrisitet eller fossilt brensel hjå sluttbrukar.

  • Ved søknad om igangsettingsløyve må ein kunna dokumentera at tiltaket er prosjektert slik at energikrava i TEK 10 kapittel 14 er oppfylte.
  • Ved søknad om ferdigattest eller mellombels bruksløyve må ein også kunna dokumentera at tiltaket er utført i tråd med prosjekteringa. Energiprosjekteringa kan bli eit tema ved eit eventuelt tilsyn.
  • Lufttettleik:
    Det er vanskeleg å dokumentera at kravet til bygningen sitt lekkasjetall er oppnådd utan at det blir gjennomført målingar.

Ved innsending av søknad om løyve til tiltak ber vi om at det samstundes blir gjort greie for energistrategi og val av metode for berekning.

Byggsøk: Byggjesaksblankettar