Dispensasjon - Rettleiing for søknad

Plan- og bygningslova

Søknad om dispensasjon vert handsama etter reglane i plan- og bygningslova kap. 19

Slik søkjer du om dispensasjon

Skjema for søknad om dispensasjon (PDF, 21 kB) (PDF, 21 kB)

Grunngjeving

Grunngjevinga skal vera knytt til relevante moment i høve kva paragraf det vert søkt om dispensasjon frå. Relevante moment ved søknad om dispensasjon frå byggje og deleforbodet i standsona og LNF-område i plan vil vera kjende kulturminne, naturforhold, ålmenta sin bruk av området, privatisering, storleik på inngrepet, tilpassing til eksisterande bygg og anna.Desse momenta bør difor vera ein del av grunngjevinga.

Ved søknad om dispensasjon frå føresegn i reguleringsplan er moment som tilpassing til eksisterande utbyggingsmønster, arkitektonisk utforming, ulempe for nabo i høve redusert soltilhøve, rom, utsikt o.a. relevante moment. Desse bør difor vera ein del av grunngjevinga. Dokumentasjon på desse tilhøva kan leggjast ved søknaden ved behov.

Grunngjeving i høve personlege, familiære og økonomiske tilhøve vert ikkje lagt vekt på ved vurdering av ein dispensasjonssøknad.

Sakshandsaming

Når søknaden er fullstendig, vil Byggjesak senda han til uttale hjå anna offentleg styresmakt, dersom det er naudsynt. Dette tar minimum 4 veker. Byggjesak handsamar deretter saka.
Du kan lesa meir om Fylkesmannen si haldning og instruks til kommunen ved handsaming og bruk av dispensasjonar på Fylkesmannen sine nettsider. 

Kva kostar det å søkja om dispensasjon?

Du må betala dispensasjonsgebyr anten du får dispensasjon eller ikkje

Sjå prisar for kommunale tenester 2016

Prisane vert fastsette årleg av Os kommunestyre