Byggjetiltak som ikkje krev søknad og godkjenning

Når ein skal byggja i Os kommune er det nokre tiltak som ikkje krev handsaming i kommunen fyrst. Dette betyr at det er du som blir ansvarleg for utføringa og det som blir gjort. Det er viktig å hugsa på at du framleis må fylgja gjeldande reglar i Plan- og bygningslova, byggteknisk forskrift, kommune- og reguleringplan og kommunale vedtekter.

Det kan t.d. vera krav til dimensjonar på materiell sjølv om ein ikkje treng å søkja om å føre opp tiltaket.

Viktig å passa på:

  • Kommuneplanen sin arealdel eller reguleringsplanar kan ha særskilde føringar for ditt område. Dette må alltid undersøkjast før ein startar tiltaket. Eit eksempel som alltid er søknadspliktig, er tiltak i soner langs vatn og vassdrag der det er forbode for bygg og anlegg. Det same gjeld for strandsona.
    Merk: Om ikkje det er føringar for tiltaket i plan, er det Plan- og bygningslova sine generelle reglar som gjeld.
     
  • Tiltak som krev dispensasjon frå Plan- og bygningslova, vedtekt, føresegn eller arealplan vil alltid vera søknadspliktig.
     
  • Tiltaket må ikkje føra til fare eller urimeleg ulempe for naboane.
     
  • For tiltak utandørs må ein halda seg innafor krav til avstand frå nabogrense og innafor byggjegrense langs veg, vatn og vassdrag.
     
  • Ein må alltid undersøkja om det er utnyttingsgrad på tomta. Utnyttingsgrad er ein prosentvis del av tomta som er regulert til oppføring av bygg. Er utnyttingsgraden allereie brukt opp, må ytterlegare tiltak, uavhengig av storleik, handsamast som ein dipsensasjon etter Plan- og bygningslova § 19-2.
     
  • Ved terrengarbeid må ein undersøkja om det går leidningar eller røyr i grunnen. Vi gjer merksam på at leidningar og røyr ikkje må gjevast endra overdekking utan at eigar av leidninga / røyret har gjeve samtykkje. Kommunen har kart over eksisterande kommunale leidningar og røyr som er omsøkt og godkjent. Legging- og flytting av røyr og leidningar er alltid søknadspliktig.
     
  • Sprenging og vesentleg inngrep i terrenget er alltid søknadspliktig.
     
  • Mange mindre tiltak som utgjer ein større heilskap, må sjåast samla og vurderast i høve til søknadsplikt.

Oppført tiltak i strid med lov eller plan:

Vi gjer merksam på at tiltakshavar sjølv er ansvarleg for at tiltak blir utført i samsvar med dei krav som elles fylger av føresegner gjevne i eller i medhald av lov. Byggjer ein ulovleg, kan kommunen krevja tiltaket fjerna eller retta. Ta gjerne kontakt med kommunen for avklaring om du er usikkjer på om tiltaket er søknadspliktig.

Unntak

Plan og bygningslova § 20-3 og byggjesaksforskrifta § 4-1 gjer visse unnatak frå søknadsplikta og kravet om løyve frå kommunen.

Føresetnader:

  • Tiltaket må vera i samsvar med planar i kommunen. Dette gjeld både arealplan og reguleringsplanar.
  • Tiltaket må oppfylla dei krav som gjeld for avstand til nabogrense. Desse krava kan fylgja av plan, lov eller tidlegare vedtak.
  • Tiltaket må vera i samsvar med eventuelle tidlegare vedtak knytt til eigedomen. Døme på dette er oppføring av bod når bod er godkjend i samband med oppføring av huset.

Unntaket gjeld for:

  1. Mindre frittliggjande bygning som vert oppført på eigedom som allereie er bygd på, og som ikkje kan brukast til bustad.  Mønehøgde kan vera inntil 3,0 m og gesimshøgde inntil 2,5 m. Korkje samla bruksareal (BRA) eller bygd areal (BYA, dvs. fotavtrykket til bygninga) kan vera over 15 m². Avstand til annan bygning på eigedomen skal ikkje vera mindre enn 1,0 m. Unnataket gjeld ein bygning.
     
  2. Mindre frittliggjande byggverk knytt til drift av område for jordbruk, skogbruk og reindrift.
     
  3. Fylgjande mindre tiltak i eksisterande byggverk:
    *  Ikkje-berande vegg innafor ei branncelle eller eit lydområde 
    *  Installering, endring og reparasjon av våtrom og enkle installasjonar i eksisterande byggverk innafor ei brukseining eller branncelle. 
    *  Installering, endring og reparasjon av eldstad i eksisterande byggverk innafor ei brukseining eller branncelle. 
     
  4. Fylgjande mindre tiltak utandørs: Klikk for stort bileteMindre tiltak utandørs (Os kommune)
    *  Levegg (skjermvegg) med høgde inntil 1,8 m og lengde inntil 10,0 m. Veggen kan vera frittståande eller hengja saman med bygning. 
    *  Innhegning mot veg med inntil 1,5 m høgde. Innhegninga må ikkje hindra sikt i frisiktsoner mot veg. 
    *  Skilt- og reklameinnretning inntil 3,0 m² som vert montert flatt på vegg. Unnataket femner ikkje om montering av fleire innretningar for skilt- og reklame på same fasade. 
    *  Mindre antennesystem. Antennemast kan ha høgde inntil 2,0 m. Parabolantenne kan ha diameter inntil 1,2 m.
    *  Mindre forstøtningsmur på inntil 1,0 m høgde og avstand frå nabogrense på minst 2,0 m, eller forstøtningsmur på inntil 1,5 m høgde og avstand fra nabogrense på minst 4,0 m. Muren må ikkje hindra sikt i frisiktsoner mot veg. 
    *  Mindre fylling eller planering av terreng. Tiltaket må ikkje føra til meir enn 3,0 m avvik frå opprinneleg terrengnivå i spreiddbygd strøk, eller 1,5 m avvik frå opprinneleg terrengnivå i tettbygd strøk. På eigedom for rekkje- eller kjedehus o.l. med tett utbygging må avviket ikkje vera meir enn 0,5 m frå opprinneleg terrengnivå. Avstand frå fyllingsfoten til nabogrense må vera minst 2,0 m. Endringar i terreng må ikkje hindra sikt i frisiktsoner mot veg. 
    *  Graving for kablar 
    *  Lokal drenering, samt reparasjonar ved rør- og leidningsbrot 
    *  Intern veg på tomt og biloppstillingsplassar for tomta sitt bruk som ikkje krev vesentleg terrenginngrep. Unnataket femner også om anlegg av oppstillingsplass for landbruksmaskinar til bruk på landbrukseigedom. 
     
  5. Fasadeendring som ikkje endrar bygningen sin karakter, samt tilbakeføring av fasade til tidlegare dokumentert utføring.
     
  6. Andre mindre tiltak som kommunen finn grunn til å frita frå søknadsplikta.

Vi gjer merksam på tiltak som gjeld plassering av mellombelse bygningar, konstruksjonar eller anlegg heller ikkje er søknadspliktige. Mellombels er her tiltak som ikkje skal stå lenger enn to månadar.

Kontakt

Geir Heldal
Geir Heldal
byggesakshandsamar
Telefon: 56 57 53 17
Mobil: 916 54 090