Byggjegrense langs offentleg veg

Når det ikkje er vist ei byggjegrense mot veg i reguleringsplanen, må veglova sine avstandsgrenser oppfattast som ein del av planen. Gjeldande byggjegrense går fram av veglova slik ho var då reguleringsplanen vart vedteken.

Sjølv om det i reguleringsplanen er vist bygningsmasse som ligg nærare ein gjeldande byggjegrense, kan ein ikkje oppfatta det som at dette dannar ei ny byggjegrense. Byggverka må reknast som regulerte unnatak frå byggjegrensa.

 
Avstand til veg Endringar i avstandsgrensa i veglova frå lova tredde i kraft.
Avstand til veg
Kva tid lova tredde i kraft Kommunal veg Fylkesveg Riksveg Merknad
1912 3,5 meter 3,5 meter 3,5 meter Målt frå vegkant
1931 5,0 meter 5,0 meter 5,0 meter Målt frå vegkant
1938 7,5 meter 7,5 meter 7,5 meter Målt frå vegkant
1.1.1964 12,5 meter 12,5 meter 30 meter Målt frå midtline veg
1.7.1996 15 meter 15 meter 50 meter Målt frå midtline veg
1.1.2010 15 meter 50 meter 50 meter Målt frå midtline veg

 

Dispensasjon

Om ein ynskjer å byggja nærare vegen enn det avstanden tilseier, må ein søkja dispensasjon frå reguleringsplanen. (Vi har ikkje eige søknadsskjema for dette)

I uregulert område gjeld dagens krav til avstand i veglova.