Bygg- og anleggsavfall

 

Avfallsplan


Det er krav om avfallsplan når tiltaket inneber

  • oppføring, tilbygging, påbygging og underbygging av bygning dersom tiltaket er større enn 300 m² BRA
  • vesentleg endring, der under fasadeendring, eller vesentleg reparasjon av bygning dersom tiltaket har å gjera med del av bygning som er større enn  100 m² BRA
  • riving av bygning eller delar av bygning som er større enn 100 m² BRA
  • oppføring, tilbygging, påbygging, underbygging, endring eller riving av konstruksjonar og anlegg dersom tiltaket genererer meir enn 10 tonn bygge- og riveavfall.

Ansvarleg søkjar skal skriva under på avfallsplan.

Før vi gir ferdigattest for tiltaket, skal det leverast ein sluttrapport som viser kva avfallsmengder og fraksjonar som faktisk er oppstått i tiltaket, og dokumentasjon (kvitteringar) på mengder / stad for levering. Dersom det er store avvik frå den opprinnelege avfallsplanen (ført i same skjema), skal dette grunngjevast særskilt.

Avfallsplan skal i utgangspunktet ikkje sendast saman med byggjesøknaden. Han skal likevel vera tilgjengeleg i tiltaket, og ved tilsyn skal avfallsplan sendast inn til Os komune, avdeling for byggjesak.

Skjema

Skjema for m.a. Sluttrapport med avfallsplan for nybygg og for rehabilitering og riving.
(Direktoratet for byggkvalitet - sjå under overskrifta "Vedlegg til søknaden"?

Miljøsanering


Ved riving og rehabilitering skal det også utarbeidast ein rapport om miljøsanering. Rapporten skal vera utarbeidd av ein kompetent aktør, og skal mellom anna gjera greie for kor i bygninga det finst komponentar av farleg avfall, i kva mengder og korleis det er tenkt fjerna.

Ein annan viktig del av rapporten er å gjera greie for prøvetaking og analyser, og korleis desse er representative. Krava følgjer av Byggteknisk forskrift (TEK 10) § 9-7.

Meir informasjon

Tilsyn

Planar for avfall og rapport om miljøsanering vert prioriterte ved tilsyn i 2012, jf. Byggjesaksforskrift (SAK 10) § 15-3.
Byggjesak gjennomfører difor i 2012 dokumenttilsyn av alle skildringar av miljøsaneringar. Plan for avfall og skildring av miljøsanering skal difor sendast inn saman med søknad om løyve i alle saker der det er krav om desse (riving og rehabilitering over 100 m2).

Direktoratet for byggkvalitet:

Skjema for m.a. Sluttrapport med avfallsplan for nybygg og for rehabilitering og riving. Sjå under overskrifta "Vedlegg til søknaden"
 

Kontakt

Geir Heldal
Geir Heldal
byggesakshandsamar
Telefon: 56 57 53 17
Mobil: 916 54 090