Bruksendring

Bruksendring er å ta i bruk eit areal eller bygning på eigedomen din til noko anna enn kva det er godkjent for.
All bruksendring er søknadspliktig.
Bruksendring av areal krev og dispensasjon frå reguleringsplan/kommuneplan.
Nokre tiltak kan du søkja om sjølv. Andre tiltak krev søknad frå kvalifisert føretak.

Døme på bruksendring:

  • Du ynskjer å bruka bod/kjellar til varig opphald, ynskjer å etablere eit nytt utleigehusvære e.l.
  • Du ynskjer å bruke arealet til noko anna enn det er regulert til, t.d. endra bruk frå bustadføremål til fritidsbustad eller næring
  • I slike tilfelle må du og søkja om dispensasjon frå reguleringsplan/kommuneplan.

Dette kan du søkja om sjølv

  • Bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel innafor ei brukseining, t.d. å innreia kjellaren din til bustad, jf. byggjesaksforskrifta § 3.1.
  • Mindre bruksendring frå tilleggsdel (bod / garasje) til hovuddel (stove, soverom) innafor ei brukseining er i nokre tilfelle søknadspliktig utan ansvarsrett. Dette kan då eigar sjølv søkja om. Endringa må ikkje gå ut over minstekrav til bod, parkering, etc.

Følgjande tilhøve må vurderast pr. brukseining

Dette krev søknad frå kvalifisert føretak

For all annan bruksendring enn det som er nemnd ovanfor, må du ta kontakt med eit profesjonelt og kvalifisert føretak som kan stå ansvarleg for søknaden til kommunen.

Døme:

  • Etablering av fleire bueiningar eller leilegheiter
  • Når byggverket skal takast i bruk / bli tilrettelagt for noko anna enn det som som løyve eller regulering tilseier, t.d. at bustad vert teken i bruk til næring.