Våtrom

 

Dette kan du gjera utan søknad

  • Ombygging av våtrom i eksisterande bygg innafor ei brukseining / husvære.
  • Bygging av nytt våtrom i eksisterande bygg innafor ei brukseining / husvære.
  • Bygging av våtrom i nytt tilbygg kor verken samla bruksareal eller bygd areal for tilbygget er over 50 m² og kor tilbygget ikkje skal brukast som sjølvstendig brukseining / husvære.
  • Ombygging og nybygging av fleire våtrom i ulike brukseiningar / husvære (t.d. i blokker) så lenge arbeida ikkje rører brannskilje mellom brukseiningane.

Sjølv om du ikkje må søkja kommunen, så er du likevel ansvarleg for at bygningen blir utforma i tråd med alt regelverk. Du finn meir informasjon om dette på informasjonssida for tiltak som ikkje krev søknad.

 


Dette krev søknad frå kvalifisert foretak:

  • Arbeida bryt skilje mot annan brukseining (brannskilje, lydskilje).
  • Bygging av våtrom i nybygg følgjer søknadsplikta for nybygg og inngår i søknadsplikta med krav om ansvarlege føretak for nybygget.
  • Våtrom i nytt tilbygg over 50 m² følgjer òg søknadsplikta med krav til ansvarlege føretak. For eigen bustad eller fritidseigedom gjeld retningslinene for sjølvbyggjarar.


Ta kontakt med eit profesjonelt og kvalifisert føretak, som kan stå ansvarleg for søknaden til kommunen.

Søk med hjelp frå fagfolk

Søk etter føretak med sentral godkjenning

 

Døme på arbeid som normalt ikkje bryt brannskilje:

  • Flis, panel og annan kledning som er lagt på ein vegg i tillegg til gipsplater o.l.
  • Flis, støyp og varmekablar som er lagt oppå eit betongdekke
  • Skifte av sluk i betongdekke med innstøypt avløpsrør

Skifte av sluk i etasjeskiljar av tre mellom bueiningar / brannceller vil i dei aller fleste tilfelle føra med seg at  brannskiljet vert brote.