Tilbygg

Må eg søkja om å byggja?

1. juli 2015 kom ei ny og forenkla plan- og bygningslov.

Finn ut om du må søkja om ditt byggjetiltak.

Dette kan du søkja om sjølv

Dersom du kan seie ja til punkta nedanfor, kan du stå ansvarleg for tiltaket og søkja kommunen sjølv:

  • Éit enkelt tilbygg kor verken samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er over 50 m2 .
  • Tilbygget kan i tillegg vere underbygd med kjeller (Byggesaksforskriften § 3.1 a)
  • Tilbygg inneber ei utviding av bygning som medfører ein auke av det bebygde areal og omfattar dermed ikkje påbygg eller underbygging (av kjeller).
  • Tilbygget kan ikkje innehalde ein eigen sjølvstendig bueining.

Sjekkliste for søknad utan ansvarsrett

(Overnemnde lenke er ute av drift. Vi jobbar med å oppdatera teksten)

Søknadsskjema og rettleiingar

Slik søkjer du

Du er sjølv ansvarleg for at tiltaket følgjer gjeldande krav etter plan- og bygningslova.

Estetikk

Tilbygg bør anten tilpassast slik at det oppfattast som ei vidareføring av det eksisterande, eller utformast slik at det framstår med eit heilt nytt arkitektonisk uttrykk.
Dersom den opphavlege arkitekturen til huset allereie er endra, kan tilbakeføring til opphavleg uttrykk vere ei spennande utfordring.
Som hovedregel skal den opphavlege forma til huset koma klårt fram etter tilbygging.

Dette krev søknad frå kvalifisert føretak:

Svarar du nei på eitt av punkta over, må du ta kontakt med eit profesjonelt og kvalifisert føretak, som kan stå ansvarleg for søknaden til kommunen.

Søk med hjelp frå fagfolk

Søk etter føretak med sentral godkjenning

Kva avgrensingar gjeld på eigedomen?

Kommune- / reguleringsplan

Det vil vera avgrensingar i kommune- eller reguleringsplan på kva du kan byggja. Dette kan t.d. vera  byggjegrenser, avgrensing i storleik, høgde, takvinkel o.l.

Sjekk at tiltaket er innafor desse avgrensingane før du går i gang med planlegginga. Du får reguleringskart og reguleringsføresegner  via kartsidene til Os kommune eller i Kommunetorget.

  • Dersom du skal byggje utover det arealplanane seier, må du søkja om dispensasjon.

Plassering av tilbygget

  • Er det byggjegrenser i reguleringsplanen, skal bygningen liggja innafor desse.
  • Dersom det ikkje er byggjegrenser på kartet, skal bygningen i utgangspunktet plasserast 4 meter frå nabogrense, jf. plan- og bygningslova § 29-4.

Skal du byggja langs ein veg?

  • Dersom eigedomen din ligg langs ein riks- eller fylkesveg, må du sjekka med Statens vegvesen kva for retningsliner som gjeld for avkøyring og byggjegrense for din eigedom. 
  • Dersom eigedomen ligg langs ein kommunal veg, må du sjekka dette med kommunen.

Her kan du lesa meir og senda søknad til Statens vegvesen