Terrasse

Dette kan du gjera utan søknad

Terrasse, også kalla platting, markterrasse eller utegolv, kan under visse vilkår vera unnateke søknadsplikt etter plan- og bygningslova § 20-3.

  • Maksimal høgde over terreng 0,5 m dersom han vert plassert minst 4,0 m frå nabogrense og eit bygd areal (BYA) på maks  50 m² der terrassen er bygd saman med bustaden eller maks 70 m² der terassen er frittliggjande i terrenget.
  • Maksimal høgde over terreng 0,3 m dersom han vert plassert 1,0 - 4,0 m frå nabogrense

Terrasse nærare eigedomsgrensa er søknadspliktig

Terrassen skal utførast i samsvar med:

  • gjeldane arealplan (føremål, frisikt mm.)
  • plan- og bygningslova (utsjånad, ivaretaking av kulturell verdi mm.)
  • byggteknisk forskrift (brannomsyn, tilgjenge, tryggleik mm.)

 

I høgdeberekninga på terrassen skal det og reknast med endring av eksisterande terrenghøgde. Vesentleg terrengendring er søknadspliktig etter plan- og bygningslova §20-1 og byggjesaksforskrifta § 4-1.

Avstandsvilkåra kan fråvikast etter ei vurdering av det konkrete tiltaket, til dømes dersom det er dokumentert at nabo samtykkjer.

I likskap med andre tiltak som er unnateke søknadsplikt, er tiltakshavar ansvarleg for at tiltaket vert utført i samsvar med dei krav som elles følgjer av reglane gjevne i eller i mehald av plan- og bygningslova.


Dette kan du søkja om sjølv

  • Dersom tiltaket er 0,5 meter over terreng og samanbygd med bustad, kan bebygd areal (BYA) vera maksimalt  50 m2
  • Dersom tiltaket er 0,5 meter over terreng og frittliggjande, kan bebygd areal (BYA) vera maksimalt  70 m2

     

Søknadsskjema og rettleiingar

Slik søkjer du

 

Du er sjølv ansvarleg for at tiltaket følgjer gjeldande krav etter plan- og bygningslova.

 

 

Arealberekning

Terrasse som er unnateke søknadslikt inngår korkje i fotavtrykket / BYA eller i bruksarealet /BRA
 

Avstand til annan bygning

Terrassar lågare enn 0,5 meter kan bli plasserte nærare annan bygning enn 8 meter utan særskilt tiltak mot brannspreiing, jf. byggteknisk forskrift § 11-6
 

Rekkverk

Terrassar over 0,5 meter må sikrast med rekkverk

 

Dette krev søknad frå kvalifisert føretak:

Kjem ikkje terraseen din inn under nokon av alternativa over, må du ta kontakt med eit profesjonelt og kvalifisert føretak, som kan stå ansvarleg for søknaden til kommunen.

Søk med hjelp frå fagfolk

Søk etter føretak med sentral godkjenning

 

Skal du byggja langs ein veg?

  • Dersom eigedomen din ligg langs ein riks- eller fylkesveg, må du sjekka med Statens vegvesen kva for retningsliner som gjeld for avkøyring og byggjegrense for din eigedom. 
     
  • Dersom eigedomen ligg langs ein kommunal veg, må du sjekka dette med kommunen.

Her kan du lesa meir og senda søknad til Statens vegvesen