Støttemur

Dette kan du gjere utan å søke


Støttemurar kan i nokre tilfelle vere unnatekne søknadsplikt. Les meir om kva du kan gjere utan å søke.

  • Mindre støttemur på inntil 1,0 meter høgde og avstand til nabogrense på minst 1,0 meter.
  • Støttemur på inntil 1,5 meter høgde og avstand til nabogrense på minst 4,0 meter.

    I høgdeberekninga på støttemuren skal du òg rekne med endring av eksisterande terrenghøgde.

    Vesentleg endring av  terreng er søknadspliktig etter plan- og bygningslova § 20-1 og byggjeforskrifta § 4-1.

På same måte som andre tiltak som er unnatekne søknadsplikt, er tiltakshavar ansvarleg for at tiltaket vert utført i samsvar med plan- og bygningslova. 

Støttemurar skal utførast i samsvar med:

  • Gjeldande plangrunnlag (føremål, frisikt, byggjegrenser mm.)
  • Plan- og bygningslova (avstand, utsjånad, ivaretaking av kulturell verdi mm.)
  • Byggteknisk forskrift (brannomsyn, tryggleik mm.)


Dette krev søknad frå kvalifisert foretak:


Kjem ikkje støttemuren din inn under nokon av alternativa over, må du ta kontakt med eit profesjonelt og kvalifisert føretak, som kan stå ansvarleg for søknaden til kommunen.

Søk med hjelp frå fagfolk

Søk etter føretak med sentral godkjenning

 
 

Krav til teikningar som skal leggjast ved søknad


Kommunen vår har mykje bratt terreng som fører til utfordringar for utbygging. For best å kunna vurdera estetikk, tryggleik og plassering, skal teikningsgrunnlaget for støttemurar innehalda følgjande:

  • Innmåling: Søknaden skal visa kotehøgda muren skal plasserast på, avstand til nabogrenser skal vera oppgjevne og om nødvendig, må koordinatar synleggjere plassering av mur.
  • Høgder, lengde og breidde på muren.
  • Type sikring og høgda på denne.
  • Materialval for mur og sikring.
  • Tverrsnitt med armering, dersom dette er aktuelt.
  • Plan for fundamentering.
  • Riss (fasade) av muren.
  • Terrengprofilar.
     

Skal du byggja langs ein veg?

  • Dersom eigedomen din ligg langs ein riks- eller fylkesveg, må du sjekka med Statens vegvesen kva for retningsliner som gjeld for avkøyring og byggjegrense for din eigedom. 
     
  • Dersom eigedomen ligg langs ein kommunal veg, må du sjekka dette med kommunen.

Her kan du lesa meir og senda søknad til Statens vegvesen