Naust

Må eg søkja om å byggja?


1. juli 2015 kom ei ny og forenkla plan- og bygningslov.

Finn ut om du må søkja om ditt byggjetiltak.

Dette kan du søkja om og stå ansvarleg for sjølv:

Naust er bygningar i strandsona som vert nytta til oppbevaring av reiskapar, utstyr, båtar og anna.
Bygget skal ikkje vera for "personopphald" (kunna nyttast som bustad). Rom for wc, kjøkken og soverom er derfor forbode.
Naust kan 
samanliknast med garasje / uthus.

Oppføring av nytt, eller vesentleg utviding av eksisterande naust, og frådeling til slikt føremål, skal skje i område som er sett av til dette føremålet.
Ved bygging av naust skal tradisjonell byggeskikk i området takast omsyn til ved fargeval, volum og materialbruk.

Tillate bruksareal for naust er maks. 40m².

Sjekkliste for søknad utan ansvarsrett

(Overnemnde lenke er ute av drift. Vi jobbar med å oppdatera teksten)

Søknadsskjema og rettleiingar

Slik søkjer du

Du er sjølv ansvarleg for at tiltaket følgjer gjeldande krav etter plan- og bygningslova.

Løyve frå hamnemynde

Der det er aktuelt å byggja kai / bryggje i samband med naustet, må det leggjast fram løyve til dette frå hamnemynde før kommunen kan handsama søknaden.

Skal du byggja langs ein veg?

  • Dersom eigedomen din ligg langs ein riks- eller fylkesveg, må du sjekka med Statens vegvesen kva for retningsliner som gjeld for avkøyring og byggjegrense for din eigedom. 
  • Dersom eigedomen ligg langs ein kommunal veg, må du sjekka dette med kommunen.

Her kan du lesa meir og senda søknad til Statens vegvesen