Fasadeendring

Fasaden på bygg er ytterveggar og tak. Fasadeendringar kan t.d. vera å byta vindauge, endra kledning eller taktekking, setja inn ny dør eller kle inn balkongar med glass.

Du treng ikkje søkja om alle fasadeendringar.

Som hovudregel treng du ikkje å søkja dersom.....

  • du skal skifta tak. Ver likevel klar over at det kan vera søknadspliktig dersom det medfører at taket vert heva.
  • du endrar fasaden tilbake til ei tidlegare dokumentert utføring.
  • du skal skifta, setja inn eller fjerna vindauge eller dør, så lenge bygningen sin karakter ikkje vert endra.

Er du i tvil om tiltaket er søknadspliktig eller ikkje, ta kontakt med kommunen (tlf. 56 57 50 00).
Du er ansvarleg for at bygninga blir utforma i tråd med alt regelverk.

 

Du må søkja med hjelp frå fagfolk dersom fasadeendringa.....

  • endrar bygningen sin karakter
  • medfører inngrep i berande konstruksjonar
  • medfører inngrep i brannveggar eller andre brannsikre bygningsdelar
  • er nærare enn 4 meter frå nabogrensa
  • gjer at krava til lys, røming eller branntryggleik ikkje blir oppfylt

Ver merksam på at fasadeendringar på bygningar med kulturminne-interesse oftare vil endra bygningen sin karakter og dermed vera søknadspliktige.

Ta kontakt med eit profesjonelt og kvalifisert føretak som kan stå ansvarleg for søknad til kommunen.

Søk med hjelp frå fagfolk

 

Bruksendring

Endrar du fasaden fordi bruken av eit rom skal endrast, t.d. frå bod til soverom, må du søkja om bruksendring. Fasadeendringa blir då ein del av denne søknaden.

Les meir om bruksendring