Byggje garasje

1. juli 2015 kom ei ny og forenkla plan- og bygningslov. Finn ut om du må søkja om ditt byggjetiltak.

Dette kan du søkja om og stå ansvarleg for sjølv:

Dersom du kan svara ja på følgjande punkt, så kan du sjølv stå ansvarleg for tiltaket og søkja kommunen 
jf. byggjesakforskrifta § 3-1 (Søknad om tiltak utan ansvarsrett)

  • Éin einskild, frittliggende bygning
  • Eigedomen er bygd på frå før
  • Bygningen skal ikkje brukast til bustad
  • Bygningen er i éin etasje, eventuelt òg ha kjeller
  • Bruksareal (BRA) eller bygd areal (BYA) er under 70 m²
  • tilbygg der all BRA / BYA er under 50 m²

Sjekkliste for søknad utan ansvarsrett

(Overnemnde lenke er ute av drift. Vi jobbar med å oppdatera teksten)

Søknadsskjema og rettleiingar

Slik søkjer du

Du er sjølv ansvarleg for at tiltaket følgjer gjeldande krav etter plan- og bygningslova.

Dette krev søknad frå kvalifisert føretak:

Skal du byggja større bygning enn nemnd over, må du ta kontakt med eit profesjonelt og kvalifisert føretak, som kan stå ansvarleg for søknaden til kommunen.

  • Bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er over 70 m²
  • Tilbygg der all BRA / BYA over 50 m².

Søk med hjelp frå fagfolk

Søk etter føretak med sentral godkjenning

Kva avgrensingar gjeld for eigedomen min?

Kommune-/reguleringsplan

Det vil vera avgrensingar i kommune- eller reguleringsplan på kva du kan byggja. Dette kan t.d. vera  byggjegrenser, avgrensing i storleik, høgde, takvinkel o.l.

Sjekk at tiltaket er innafor desse avgrensingane før du går i gang med planlegginga. Du får reguleringskart og reguleringsføresegner  via kartsidene til Os kommune eller i Kommunetorget.

  • Dersom du skal byggje utover det arealplanane seier, må du søkja om dispensasjon.

Plassering av garasjen

  • Frittliggjande garasje under 50 m² i éin etasje kan normalt plasserast nærare enn 4 m frå nabogrense jf. plan- og bygningslova § 29-4.
     
  • Garasjar over 50 m², eller garasjar som er bygd saman med bustad, skal plasserast minst 4 meter frå nabogrense. Kommunen kan godkjenna nærare plassering enn 4 meter dersom det ligg føre samtykkje frå nabo, eller ved dispensasjon, jf. plan- og bygningslova § 29-4.

Skal du byggja langs ein veg?

 

  • Dersom eigedomen din ligg langs ein riks- eller fylkesveg, må du sjekka med Statens vegvesen kva for retningsliner som gjeld for avkøyring og byggjegrense for din eigedom. 
  • Dersom eigedomen ligg langs ein kommunal veg, må du sjekka dette med kommunen.

Her kan du lesa meir og senda søknad til Statens vegvesen