Bryggje, flytebryggje, kai eller leidning i sjø

 

Dette krev søknad frå kvalifisert føretak

Å etablera ny bryggje, flytebryggje, kai eller leidning i sjø er søknadspliktig tiltak etter plan- og bygningslova § 20-1.

Dette gjeld både nybygg, endring eller vesentleg reparasjon.

Søknad krev difor eit profesjonelt firma / aktør til å stå ansvarleg for søknaden.

Søk etter føretak med sentral godkjenning


Krav om dispensasjon

Store delar av sjøområda har arealføremål NFFF (Natur, Ferdsel, Fiske og Friluftsliv). Utlegging av flytebryggje reknast som bryggje og annan fortøyingsinnretning, og er soleis ikkje i samsvar med føremålet i NFFF-område. Ei slik etablering utløyser krav om dispensasjon.

 

Dette kan du søkja om sjølv

Når det gjeld mindre tiltak på eigen eigedom og til eige bruk, kan søknad fremjast som "søknad utan ansvarsrett" etter plan- og bygningslova § 20–2

Sjekkliste for søknad utan ansvarsrett

(Overnemnde lenke er ute av drift. Vi jobbar med å oppdatera teksten)
 

Søknadsskjema og rettleiingar

Slik søkjer du

 

Du er sjølv ansvarleg for at tiltaket følgjer gjeldande krav etter plan- og bygningslova.
 

Behandling av søknad

Søknad om tiltak i sjø skal og behandlast av Bergen og Omland havnevesen (BOH).

Kommunane Askøy, Austrheim, Bergen, Fedje, Fjell, Lindås, Meland, Os, Radøy, Sund og Øygarden kommune har delegert mynde til Bergen og Omland havnevesen (BOH), for behandling etter lov om havner og farvann.

Informasjon om kva dokument som skal sendast til BOH

 

Skal du byggja langs ein veg?

  • Dersom eigedomen din ligg langs ein riks- eller fylkesveg, må du sjekka med Statens vegvesen kva for retningsliner som gjeld for avkøyring og byggjegrense for din eigedom. 
     
  • Dersom eigedomen ligg langs ein kommunal veg, må du sjekka dette med kommunen.

Her kan du lesa meir og senda søknad til Statens vegvesen