Bod, uthus

Kan du svara ja på alle punkta under, treng du ikkje søkja kommunen.

Bygg under 15 m2

Kan du svara ja på følgjande punkt, treng du ikkje søkja kommunen jf. byggjesakforskrifta § 4-1.

Unntaket i pbl § 20-5 a) «mindre frittliggende bygning som oppføres på bebygd eiendom, og som ikke kan brukes til beboelse». For å nytte unntaket må du kunne svare ja på alle desse spørsmåla:

  • Står det bygg på eigedomen allereie?
  • Er eigedomen din avsatt til til bustad i plan?
  • Er dei ytre måla på bygget du planlegger under 15 m2
  • Bygget skal ikkje nyttast til overnatting?
  • Bygget skal plasserast 1 meter eller meir frå nabogrense?
  • Du vil ikkje kome over tillatt utnyttingsgrad for eigedomen ved å  føre opp bygget?
  • Mønehøgde er ikkje meir enn 4 meter?
  • Gesimshøgde er ikkje meir enn 3 meter?
  • Bygget skal ikkje ha kjeller?
  • Er det meir enn 100 meter til sjø?

Dersom du ikkje kan svare ja på alle desse spørsmåla, kontakt kommunen for rettleiing om søknadsplikt.

Bygg under 50 m2

Kan du svara ja på følgjande punkt, treng du ikkje søkja kommunen jf. byggjesakforskrifta § 4-1.

Unntaket i pbl. § 20-5 b «frittliggende bygning som er større enn bygninger som nevnt i bokstav a, som oppføres på bebygd eiendom, og som verken skal brukes til beboelse eller annet varig opphold, og som ikke underbygges med kjeller» For å nytte unntaket må du kunne svare ja på alle desse spørsmåla:

  • Står det bygg på eigedomen allereie?
  • Er eigedomen avsett til bustad i plan?
  • Er dei ytre måla på bygget du planlegg under 50 m2?
  • Bygget skal ikkje nyttast til varig opphald eller overnatting?
  • Bygget skal plasserast 1 meter eller meir frå nabo si grense?
  • Mønehøgde er ikkje meir enn 4 meter?
  • Gesimshøgde er ikkje meir enn 3 meter?
  • Bygget skal ikkje ha kjellar?
  • Er det meir enn 100 meter til sjø?

Dersom du ikkje kan svare ja på alle desse spørsmåla, kontakt kommunen for rettleiing om søknadsplikt.

Sjølv om du ikkje må søkja kommunen, så er du likevel ansvarleg for at bygningen blir utforma i tråd med alt regelverk. Du finn meir informasjon om dette på informasjonssida for tiltak som ikkje krev søknad.

Dette kan du søkja om sjølv

Dersom du kan svara ja på følgjande punkt, så kan du sjølv stå ansvarleg for tiltaket og søkja kommunen 
jf. byggjesakforskrifta § 3-1:

  • Éin einskild, frittliggande bygning
  • Eigedomen er bygd på frå før
  • Bygningen skal ikkje brukast til bustad
  • Bygningen er i éin etasje, eventuelt òg ha kjeller
  • Bruksareal (BRA) eller bygd areal (BYA) er under 70 m2

Sjekkliste for søknad utan ansvarsrett

(Overnemnde lenke er ute av drift. Vi jobbar med å oppdatera teksten)

Søknadsskjema og rettleiingar

Slik søkjer du

Du er sjølv ansvarleg for at tiltaket følgjer gjeldande krav etter plan- og bygningslova.

Dette krev søknad frå kvalifisert føretak

Skal du byggja større bygning enn nemnd over, må du ta kontakt med eit profesjonelt og kvalifisert føretak, som kan stå ansvarleg for søknaden til kommunen.

Søk etter føretak med sentral godkjenning

Kva avgrensingar gjeld for eigedomen min?

Kommune- / reguleringsplan

Det vil vera avgrensingar i kommune- eller reguleringsplan på kva du kan byggja. Dette kan t.d. vera  byggjegrenser, avgrensing i storleik, høgde, takvinkel o.l.

Sjekk at tiltaket er innafor desse avgrensingane før du går i gang med planlegginga. Du får reguleringskart og reguleringsføresegner  via kartsidene til Os kommune eller i Kommunetorget.

  • Dersom du skal byggje utover det arealplanane seier, må du søkja om dispensasjon.

Plassering av bygningen

  • Er det byggjegrenser i reguleringsplanen, skal bygningen liggja innafor desse.
  • Dersom det ikkje er byggjegrenser på karte,t skal bygningen i utgangspunktet plasserast 4 meter frå nabogrense, jf. plan- og bygningslova § 29-4. Kommunen kan vurdere plassering nærare enn 4 meter.

Skal du byggja langs ein veg?

  • Dersom eigedomen din ligg langs ein riks- eller fylkesveg, må du sjekka med Statens vegvesen kva for retningsliner som gjeld for avkøyring og byggjegrense for din eigedom. 
     
  • Dersom eigedomen ligg langs ein kommunal veg, må du sjekka dette med kommunen.

Her kan du lesa meir og senda søknad til Statens vegvesen