Slik vil framtidas Osøyro sjå ut
Fram mot 2020 vil Os sentrum - Osøyro - gå gjennom ei kraftig oppussing for å bli ein endå betre og hyggelegare stad å møtast, bu og handla for både små og store.
Prosjektet har fått namnet Liv på Øyro, og består av fleire delar:
- Bydraget. Nytt dekke, baldakinar, torgbygg, gatelys og tre langs gateløpet frå den gamle brannstasjonen til Oselvo ved GH Interiør.
- Nytt parkeringsbygg slik at vi kan frigjera dagens parkeringsplass ved rådhuset til parkområde.
- Landboden: Oppgradering, nytt kulturbygg og bustader.
- Os hamn: Bølgjedemparar skal gje lun hamn for fritidsbåtar og sommaraktivitetar i hamnebassenget.
- Elvepromenade langs Oselvo.
- Nye bustader og fortetting med 100 - 250 bustader i og nær sentrum.
- Eit grønare sentrum og aktivitetar på Kyrkjeflaten.
Sist endra25.11.2016 14.01