Bålbrenning i Os Frå 15. april til 15. september er det i utgangspunktet forbode å tenna bål i skog eller utmark, med unntak av på godkjente bålplassar.Dersom du skal brenna bål i skog eller utmark i denne perioden, må du først få godkjenning frå Os brann- og redningsvesen.Kva reglar gjeldBålbrenning skal ikkje vere til sjenanse for naboar og/eller bumiljøet. Det er kun lov å brenne hageavfall som kvister, lauv og greiner. Det er ikkje lov å brenne restavfall, spesialavfall, byggmaterialer, plast eller store pappmengder. Usikker på regelverket?Sjå § 3 Generelle krav til aktsomhet under innleiande bestemmelser i rettleiing til forskrift om brannførebygging, oppdatert januar 2016 av Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap (DSB). Slik søkjer du om godkjenning til å brenna bålSend e-post til brannsjef. Oppgje tid og stad for bålet du planlegg, pluss kontaktinformasjon til den som skal stå som ansvarleg. Du treng ikkje søkje for: Brenning av hageavfall Du kan brenna hageavfall i hagen din heile året, med unntak av i totalforbodsperiodar med stor brannfare. Vis omsyn til naboar og bumiljøet. Det er ulovleg å brenna søppel og spesialavfall, som til dømes byggmaterialar, plast og store pappmengder. Dette skal kastast i restavfall eller leverast på gjenvinningsstasjonen. Brot på forureiningslova kan straffast med bøter. Sankthans-bål Du treng ikkje søkje brannsjefen om løyve til å brenna bål denne dagen og kvelden, men du må be grunneigar om lov. Bålet må ha god avstand til bygningar, vegetasjon og brennbart materiale. Du må ta omsyn til vind, og ha rikeleg med sløkkjevatn tilgjengeleg Ein ansvarleg vaksen må vere til stades Det er ikkje lov å brenna søppel eller spesialavfall, som til dømes trykkimpregnerte materialar. Publisert avRagnhild Stende Bjaadal Sist endra17.10.2017 13.02