Badevatn i Os: Temperatur og kvalitet
I badesesongen måler vi vasstemperatur og -kvalitet på utvalde badeplassar og friluftsområde i kommunen kvar veke.
*Badevatnet vert analysert for såkalla termostabile koliforme bakteriar (TKB). Dette er tarmbakteriar frå menneske og dyr som ikkje overlever lenge i naturen. Difor er TKB-prøver ein god indikator på fersk forureining. Godt eigna badevatn skal ha mindre enn 100 TKB per 100 mililiter vatn. Helsemyndigheitene frårår bading dersom TBK-nivået er over 1000.

Publisert avRagnhild Stende Bjaadal
Sist endra15.08.2019 07.46