Slik er isenOs brann- og redningsvesen måler isen på utvalde vatn ein til to gonger i veka i kuldeperiodar. Sjølv om isen er farbar, må du alltid vere varsam og merksam når du ferdast på han.Resultat frå ismålinga: Ingen vatn i Os kommune har farbar is. Publisert17.10.2017 12.21 Sist endra14.12.2018 15.25 Brann- og redningsvesenet reiser normalt ut i gruppe på 2-4 personar for å måle isen, slik at dei kan rykke ut i samla tropp dersom alarmen går medan dei held på.Sist måling: 14. desember 2018Desse vatna måler vi: Ulvenvatnet sør (Moberg) Ulvenvatnet nord (Sigurdsvika) Banktjørno Gåsakilen LekvenvatnetFor at vi godkjenner og skilter vatn med trygg is, må vi ha målt 90 prosent av vatnet til å ha 15 centimeter eller tjukkare is.Vi gjer ei årleg vurdering på kva vatn som vert målt i forhold til bruken av dei ulike vatna vi har i Os. Følg isvettreglane! Ha respekt for isen. Ikkje gå på is om du ikkje kan svømme Hald deg på sikker is. Ver spesielt merksam på is om hausten og våren, og på is som er dekt av snø. Bruk alle sansane når du går på isen Gå fleire saman. Ta med deg tilstrekkeleg sikringsutstyr Om du går gjennom isen, ikkje få panikk. Om andre går gjennom isen, hald avstand.