TorsdagsklubbenAktiv, sosial og inkluderande møtestad for menneske med nedsett funksjonsevne. Vi møtast annankvar torsdag i Kløvertun, men reiser ofte på tur og besøk rundt om i Os og nabokommunane. Klubben har 57 medlemmar, inkludert nokre frå Tysnes kommune. Sjå Torsdagsklubben sitt program for hausten 2019 (PDF, 569 kB) Døme på aktivitetar Dags- og helgeturar i Os og nabokommunane. Besøk hos organisasjonar og bedrifter i nærområdet. Hagebesøk med grilling og musikk hos osingar med fine hagar. Torsdagsklubben arrangerer konsertar i Kløvertun, Varafjell ressurssenter, på hagefestar, Kuhnletunet og Oseana kunst- og kultursenter. Stor basar i Kløvertun ein gong i året. Gardsbesøk Førstehjelpskurs Kunstnariske aktivitetar Jole- og påskeverkstad Rebusløp, bowling, ringdans, sittedans, karneval, julebord og mykje, mykje meir Torsdagsklubben er sjølvsagt hjarteleg til stades i 17. mai-toget på Os. Mål for Torsdagsklubben Å vere ein trygg sosial arena. Å auke sosiale ferdigheiter. Å skape samhald. Å integrere den enkelte i lokalsamfunnet. Medverknad. Å gje medlemmane ansvar for drift av eigen klubb. Å skape ein felles arena for tenesteytarar. Publisert avRagnhild Stende Bjaadal Sist endra17.07.2019 14.09