Oselvarverkstaden

Oselvarverkstaden er ei levande handverksbedrift som byggjer båtar for sal og vidareformidlar ein 250 år lang, ubroten båtbyggjartradisjon. Os kommune og Hordaland fylkeskommune står bak stiftinga. Den 1. desember 2016, tok Unesco inn Oselvarverkstaden på lista for immateriell kulturarv.

Oselvarverkstaden kom i drift i 1997.

Båtbyggjarane på Oselvarverkstaden kan følgja det faglege slektstreet sitt tilbake til Lars og Jørgen Tøsdal. Oselvarverkstaden tek såleis vare på ein 250 år gammal dokumentert, samanhengjande båtbyggjartradisjon i Os.

Besøk Oselvarverkstaden

Oselvarverkstaden er eit économuseum, det vil seia ein kombinasjon av kommersiell verksemd og museum.

Verkstaden husar òg ei utstilling som fortel om tusen års båtbygging og -bruk.
Det er mogeleg å avtala omvising for grupper og enkeltpersonar.